Om meg

Om Kouame Sereba

Aktiv multi-instrumentalist og humørspreiar

Foredragsholder Kouame Sereba er en aktiv multi-instrumentalist og vokalist

Han har spelt ei aktiv rolle i norsk musikkliv i over 30 år, sidan han flytta til Norge frå heimlandet Elfenbenskysten i Vest-Afrika i 1983. I tillegg til soloprosjekt og foredrag han holder (FormidlingsGlede), samarbeider han med musikarar i mange ulike sjangrar, som jazz, folkemusikk, samtidsmusikk, samt moderne afrikansk musikk. Det mest kjende samarbeidsprosjektet er plata “Fra Senegal til Setesdal”, eit møte mellom norsk og vestafrikansk folkemusikk, der han samarbeider med Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv Straume frå Setesdal og Solo Cissokho frå Senegal.

Kouame Sereba syng og trakterer fleire instrument som djembe (afrikansk tromme), dodo (munnboge), og kalimba (tommelpiano). I møte med born har Kouame ei sjeldan evne til å engasjere. Han er ein formidlar av rang, og har hundrevis av skulekonsertar for born og unge bak seg.

Skrevet av Førde festivalen i 2017